©
Flowers outside of 292 Aurland

02.09.2021

Profesjonell feriekos: En ferie laget av en reise kurator

02.09.2021

Skrevet av

Skreddersy din egen kos.

©
Women enjoying the view at Manshausen Sea Cabins

Skreddersy din egen kos.

Svar på fem enkle spørsmål nedenfor, så vi vet hvor vi skal begynne. Eller finn inspirasjon ved å lese om noen av de mange reisene vi allerede har kuratert. Velkommen til store opplevelser i hjemlandet ditt!

Gunnar Garfors er globetrotter, journalist og forfatter. Han har besøkt alle verdens land flere ganger og innehar ti reiserelaterte verdensrekorder. Naustedølen er også aktuell med reisepodkasten Globusrulett og den bestselgende boksuksessen ‘Bortom allfarveg’ som kom ut i april 2021. I juni 2021 utfordret vi Gunnar Garfors til å reise med Up Norway, fra by til kyst, over fjell, dal og fjord i jakten på den norske drømmereisen. På reisen ble han så imponert av Vestlandet at oppfølger lanseres neste vår: Bortom Allfarveg - Vestlandet.

Sommarferien 2021 starta luksuriøst. Og det var ikkje mi forteneste.

Sjølv tykkjer eg at det viktigaste med ferie er å slappe av, nyte dagane i godt selskap og å oppleve eitkvart nytt. Problemet er berre at slikt krev planlegging i ein allereie hektisk kvardag. Ei løysing er å sette ut jobben til eit spesialistselskap med gode kontaktar landet over. Det hadde eg aldri gjort før, men våren 2021 vart eg kontakta av Up Norway som er Noregs fremste reisekurator. Dei meinte at eg som impulsiv globetrottar burde prøve ein ny trend innan reising: skreddarsydde ferieopplevingar.

Eg likar utfordringar og takka ja til å for første gong i mitt vidreiste liv la nokon andre planlegge ferien min. For å kartlegge våre interesser og preferansar starta Up Norway ved å intervjue oss, nokre dagar seinare kom dei attende med ein reiseplan dei var sikre på at kjærasten min og eg kom til å like.

©
Gunnar Garfors

Ein lågtflygande start

Hos Insignia i Gamlebyen i Oslo venta køyretøyet vårt, ein flunkande ny heilelektrisk Jaguar I-PACE med 400 hestekrefter. Inga tilfeldigheit, Jaguar har alltid vore favorittbilmerket mitt. Det må eg takke pappa for, i 1971 nytta han oppsparte midlar og delar av studielånet sitt til å kjøpe ein fabrikkny Jaguar XJ6 i Coventry. Det lukta alltid spesielt av den lyseblå doningen med mahogny, metall og seter i ekte kalveskinn, og lyden frå dørene som slo att var heilt særeigen. Brått så var det eg som køyrte ein Jaguar 2021-modell. Første ferd gjekk til heimbygda mi Naustdal.

Det var første gong eg prøvde elektrisk bil, og med fullada batteri kom vi oss alle dei 440 kilometera utan ladestopp. Hurtigladarar finst no i både byar og bygder, og eit ladestopp hadde uansett gått kjapt unna. Lukta av bensin sakna eg ikkje ein einaste gong. Å reise utan utslepp kjentest godt og heilt rett.

I Naustdal inviterte vi pappa på tur i ein "Jag" som var akkurat eit halvt hundreår nyare enn hans eigen. 80-åringen storkosa seg der bilen luska som ein stor katt langs den svingete vegen utover fjorden. Pappa var tydeleg imponert over akselerasjonen og kor stille bilen gjekk.

Turen heimom vart ein aldri så liten bonus, mogeleggjort av kor ferien eigentleg skulle starte: på Knutholmen. Det legendariske hotell- og restaurantkomplekset i det vesle fiskeværet Kalvåg på den idylliske øya Frøya i Nordfjord ligg nesten så langt vest ein kjem i Noreg, uti havgapet der Atlanterhavet frådar i vinterhalvåret. Overnattingsstaden vart starta i 1986 av Svein Inge Fosse, då som bed & breakfast med fem rom over landhandelen hans.

No har han overlate drifta til sonen Jan Fredrik som med stø hand og mykje humor styrer det som no har blitt ei mellomstor verksemd med 200 sengeplassar fordelt på ei rekkje rorbuer, sjøhus og hotellbygg i tre, alle bygde i tradisjonell stil heilt nede ved sjøen. Siste tilskott på stammen heiter Sjøholt og der har interiørdesignar Gunvor Catherin Røkholt fått frie tøylar til å innreie kvart av dei 16 romma på individuelt vis. Ho brenn for å ta vare på den norske kulturarven, og har på subtilt vis fletta inn historia frå Knutholmen og Kalvåg i veggane. Ei eiga dronning-suite vart det også plass til, så har då også Sonja vore på vitjing fleire gonger.


©
Sjøholt - Knutholmen
©
Dosabu Cabin in Bremanger

Knutholmen er likevel mest kjend for sitt enorme tilbod av aktivitetar på og ved havet, og det passa oss perfekt. Vi vart tekne på tur i skjærgården i ein aluminiumsbåt med 450 hestekreftar. Heldigvis var han overbygd. Det var rett nok juni, men vi opplevde tre årstider på tre timar i det vakre og ville landskapet. Men storm og røft hav gjer berre opplevingane her ute endå meir storslagne, det er inga tilfeldigheit at stormhytta Dosabu har blitt bygd på andre sida av Frøya.

Etterpå rakk vi akkurat ein tur i den flytande badstova før det eminente kjøkenet venta. Kokkar med bakgrunn frå både kokkelandslag og nokre av verdas mest kjende restaurantar trylla, og forventningane våre vart til dei grader oppfylte. Skaldyrtallerkenen er vidgjeten, og femrettaren vi fekk dagen etter kunne så absolutt konkurrere. Full klaff! Vi gjekk til sengs med store smil.

©
Knutholmen

Eit jaguarsprang seinare...

...var vi langt inne i Sognefjorden, på sjølvaste BesteBakken. Det eksepsjonelt hyggelege hotellet oppe i lia over Hafslo drivast av ekteparet Lindis og Odd Geir Alme. Hyggjelegare menneske skal ein leite lenge etter, det er ikkje grenser for kor mykje dei gjev av seg sjølve i møta med gjestane. Og så gjer det heller ingenting at verdas skjønnaste alpakkafamilie bur like utanfor. Rusti og co. er fotogene som få og let seg villeg vekk klappe. Dyra med anar frå Sør-Amerika et alle typar frukt og grønsaker og hotellgjestane får gjerne stå for matinga.

Morgonen etter vart det den herlegaste frukostopplevinga eg har vore med på. Til frukost enda vi opp med ni rettar, men Lindis kviskra smilande at ho kunne klare 60, om vi berre åt opp alle. Berekraft står i fokus også her. For Up Norway er det viktig at luksusen dei tilbyr via samarbeidspartner skal vere nedtona og norsk, her er det ikkje gullkraner og overdådig marmor som gjeld, men komfort, personleg service og matopplevingar i verdsklasse.


©
Gunnar and llama - Gunnar Garfors
©
Lindis - Bestebakken

Dagen etter vart vi inviterte med på tur til Veitastrond, eit av Noregs vakraste dalføre med stupbratte fjell, ei grøn elv som renn mellom stølar og isbrear i umiddelbar avstand. Lindis viste veg og stoppa her og der for å dele spennande historier. I eit av stølshusa like ved Tungestølen venta Aud Marit Hillern med den kanskje mest tradisjonelle føremiddagsmaten eg nokosinne har ete. Rømmegraut med plomesuppe, spekemat med flatbrød og pannekake med elgeburger gjekk ned i den gamle tømmerstova. Svært godt og relativt mektig.

Middagane på BesteBakken lagar Lindis sjølve, og som til frukost ventar spennande kombinasjonar med godt matcha vinar. Kjærasten min, Caroline er også ein racer på kjøkenet, og dei utveksla ivrig tips, triks og kulinariske hemmelegheiter. Dyreinteresserte er også begge, og godhistoriene om katt- og alpakkaungar nådde uante høgder.

Neste stopp var berre ein times tid unna, nedst i den flotte Aurlandsdalen. På gardshotellet 29|2 Aurland har Tone Rønning Vike og ektemannen Bjørn Vike gjort om gamle gardsbygningar til ein moderne arkitektonisk diamant, med massevis av originale detaljar. Dei tradisjonelle romma innbyr til hygge og romantikk. Historieinteressert som eg er vart opphaldet fullkome med Tone sine mange forteljingar om historie og segomspunne mytar om staden.

Dei fleste som bur her takkar ja til tilbodet om fullpensjon, og ingen angrar på det. For på kjøkenet lagast det dagleg nye menyar som får superlativa til å hagle. Eigen vinkelner har dei også. Frukosten er enklare men vanvettig god, med ostar og fjellaure frå lokale verksemder og egg frå eigne høner.


Neste stopp; Aurland

©
The team - 292 Aurland

Pop-up Otternes

©
Dinner being prepared at Pop Up Otternes

Den eine kvelden på 29|2 Aurland droppa vi gourmetmiddagen, vi hadde trass alt gyldig fråvær. For nokre kilometer unna, oppe i fjellsida inn mot Flåm, opna eit av Noregs mest spennande restaurantkonsept og det ville ikkje Up Norway at vi skulle gå glipp av. På Pop Up Otternes kokkelerer nokre av landets beste kokkar ei helg kvar gjennom sommaren i 3-400 år gamle lafta bygg på gardstunet Otternes med eksepsjonell utsikt ut Aurlandsfjorden. Meisterkokk Thomas Moen hadde full kontroll på grytene og presentsterte stolt ein tirettars meny med alt frå pickla wasabi via fermentert tang til flatbiff av rein. Himmelsk! Og sommelier Raymond Mikkelsen kompleterte rettane fullkoment med godsaker frå vinkjellaren. Slik smakar lukke.


Frå fjord til fjell

Den velkuraterte ferien vart avslutta i høgda, på Skåbu Fjellhotell. Der driv sambuarane Jannicke Haug Doksæter og Henrik Sverdrup Beston designhotell i eit totaloppussa samvirkelag, komplett med både suiter og dobbeltrom. På kjøkenet står kokken Lukas Socha. Med sin bakgrunn frå ulike michelinrestaurantar sørger han for innovativ matkunst gjennom firerettars menyar kvar kveld.

Hotellet har flust i lekre detaljar, som ein sjølvlaga peisovn som heng frå kraftige kjettingar i taket eller elgfiguren som prøvar å klatre oppi ei lampe med levande lys. For Jannicke og Henrik er det viktig å bidra til å skape liv i Nord-Europas høgstliggande bygd, og dei har engasjert seg lokalt i både politikk og organisasjonsliv. Skåpbu ligg i randsona til Jotunheimen og er eit perfekt utgangspunkt for tallause fot- eller skiturar. Perfekt match for fjellgeiter som oss.

©
Skåbu Mountain Lodge
©
View over Skåbu Mountain Lodge in summer

Frå andre lokale verksemder kjøper dei alt frå mat til aktivitetar. Tanken er at samarbeid gjer alle sterkare. På trass av ein ekstremt travel kvardag tok paret seg tid til gode samtalar, latteren var aldri langt unna. Og Henrik tok oss med til familiegarden frå 1700-talet, let oss mate supersøte sauar og lam på sommarbeite og synte oss veg til både foss og fjell saman med hunden Tyra. Kunnskapen vart berre overgått av entusiasmen, og det var vemodig å vinke farvel etter opphaldet vårt.

Ikkje berre fordi vi forlot idyllen som Skåbu Fjellhotell er, men også fordi det var slutten på ei eminent ferieoppleving.

©
Sheep - Visit Norway

Kuraterte reiseopplevelser

Eg skal innrømme at eg i utgangspunket var småskeptisk til å reise på "arrangert" ferie. Guidar har eg til dømes aldri nytta, med unntak av i Nord-Korea, Bhutan og Turkmenistan. Der slepp ikkje turistar inn utan. Men Up Norway har klart å få til noko innovativt. Ikkje berre hjelper dei å knyte saman ei rekkje mindre reiselivsaktørar i Noreg, dei får sluttresultatet til å framstå gjennomtesta og profesjonelt, men samstundes impulsivt og jordnært.

Vi følte heller ikkje at nokon av aktivitetane vart tredde ned over hovuda våre, snarare tvert om. Uansett kvar vi var fekk vi presenterte alternative opplegg, inkludert å slappe av på hotellet heile dagen. Vertskapa tok interessene våre på alvor, og var alltid tilgjengelege for å svare på spørsmål eller for å leggje til rette for ønskja våre som kom på innfallsmetoden. Til dømes ordna reisekuratøren massasje på kort varsel i Sogn, Caroline hadde jobba hardt i månadsvis og fekk plutseleg intenst lyst til å bli knadd.

At ferien var organisert av profesjonelle la ingen dempar, snarare tvert imot. Ikkje berre hadde vi blitt kjende med spennande menneske og fått teke del i ulike typar lokale aktivitetar som fall i smak; alt hadde attpåtil skjedd utan at vi hadde trengt å løfte ein finger eller så mykje som tenkje éin einaste stressande tanke for å få det til å skje. Og som ikkje det var nok så knytte vi venskapsband som fort kan vare lenge, fleire av vertane våre skal vi i alle fall treffe att i hovudstaden ved første høve.

Spesielt tykkjer eg om fokuset på berekraft når Up Norway vel ut kven dei skal jobbe med. Ikkje berre ligg det i selskapet sin DNA, kundane etterspør det i stadig større grad. Gjennom ei veke fekk vi ei luksuriøs reise. Ikkje på same måte som i Dubai, men på eit langt meir jordnært og smakfult vis.

Eg har alltid likt å leggje eigne planar og gjerne endre på dei i siste liten, men det var mykje med dette konseptet som appelerte til meg. Kanskje spesielt kor gjennomført og konsistent opplevinga var, det gjennomgåande fokuset på berekraft og den nære kontakta med naturen. Caroline og eg vart alltid tekne imot med opne armar, og vert handsama som vener, ikkje turistar.

Up Norway har funne ein vinnarformel, spørsmålet er berre kva tid dette tek av. Det freistar i alle fall meg å prøve slike turar igjen, om ikkje på kvar einaste ferie. Men så tilbyr då heller ikkje Up Norway turar til Kiribati eller Kasakhstan.

©
Gunnar Garfors on top of Dosabu